Velkommen

Velkommen til min skoleblogg! Håper du får et trivelig opphold her inne:)

onsdag 30. november 2011

Korleis byggjer vi opp ein fagtekst?

Dette blogginnlegget oppsummerer det som står på s. 171-173 i Grip teksten.


  • Overskrift - skal vekke interesse for teksten din. Overskrifta skal og seie noko om kva artikkelen handlar om.

  • Innleiing - her har du fleire ulike måtar du kan starte på, sjå tabellen under:


Type innleiing
Døme på innleiing
Rett på sak
Innleiinga skal presentere emnet for lesaren. Her har forfattaren valt å gå rett på sak med opplysningar som kanskje vekke lesaren
Språket over heile verda vert i dag truga med utrydding. Det er ikkje lenger snakk om berre små stammespråk som nokre få hundre praktiserer, men og realtivt store nasjonalspråk
Å avgrense oppgåva
Innleiinga kan du bruke til å introdusere kva for emne du skal ta opp i teksten din. Du kan presisere kva for spørsmål du vil konsentrere deg om
I denne artikkelen skal eg sjå på kvifor Noreg er eit fleirspråkleg samfunn. Eg skal og presentere nokre særtrekk ved det norsk språket som gjer det vanskeleg å lære for folk som ikkje har norsk som morsmål
Sitat
Å starte med eit sitat, til dømes fra den teksten du skal skrive om, kan vere effektfullt; lesaren blir ført rett inn i teksten utan innleiing
«Langsomt beveget Beate Moberg seg. Overkroppen skled framover i ein bue. Hun veltet med en dump lyd ned foran føttene deres og ble liggende urørlig.» (Thørring 2006 s. 19)Glassdukkene er ei krimbok med handling frå Tromsø og områda rundt byen, og er den andre romanen tskriven av Jorunn Thørring
Spørsmål
Du kan starte med eit tankevekkande spørsmål. Du bør passe på å svare på spørsmålet undervegs i teksten.
Kva er eigentleg norrøn litteratur? Kvar kom den frå, og kvifor blei Island eit sentrum for nedteikning av denne litteraturen
Forteljing
Du kan starte med ei forteljing som fører lesaren inn i emnet, sjølv om hovuddelen av teksten ikkje er forteljande
Her om dagen var eg på ein cafe i byen. Då eg sat og naut cappuccinoen min, høyrede eg to ugdommar, yngre enn meg, sat og sankka saman. Samtalen låt cirka sånn her:
«What’s up dude?»
«Ikkje så mykje, good looking
«Skal bort å kjøpe noe. Vil du ha noe goddies?»
«Sure! Gir deg chasa i morrra.»
Slik fortsette samtalen vidare.
Presentasjon av ein annen tekst
Mange oppgåver tek utgangspunkt i ein tekst du skal skrive om, både oppgaver der du skal tolke tekstar og der du skal kommentere innhaldet i tekstar. Teksten du skal skrive om , skal du alltid presentere for lesaren
Tirsdag den 25.mars i år skreiv Alexander Vestrum ein artikkel med tittelen «Norsk språk under press». Artikkelen blei publisert i Aftenposten. Teksten handlar om korleis det norske språket tapar terreng i forhald til engelsk.

  • Hovuddel - her skal du presentere fakta, begrunne standpunkt, og argumentere. Alt dette krev at stoffet er ordna og at teksten har ein god disposisjon.

  • Avslutning - skal vere eit markert sluttpunkt. Sluten bør IKKJE innehalde klisjear og tomt snakk. Her er nokre døme

Type avslutning
Døme på avslutning
Oppsummering
Du oppsummerer konklusjonen eller dei viktigaste synspunkta du er kome fram til
For å konkludere så er Noreg definitivt ei fleirspråkleg samfunn. Det norske språket blir i stadig større grad påvirka av andre språk, men ser ikkje ut til å forsvinne av den grunn. Enkelte særtrekk ved norsk gjer at det er vanskeleg å lære for innvandrarar, men det som er avgjerande, er kor stor skilnaden er mellom norsk og morsmålet til den enkelte.
Tankevekkar
Du avslutar med ein tankevekkjande påstand eller eit spørsmål til ettertanke
Som dei seier: «Alt til si ti!». No er det tid for å gjere grunnarbeidet for at verda skal bi ein bedre stad for dei som ikkje har det så godt.
Sirkelkomposisjon
Du let avslutniga hengje saman med innleiinga, slik  at teksten får ein sirkelkomposisjon. Avslutninga kan vere ei gjentaking av ei formulering eller eit svar på eit spørsmål som er stilt i innleddinga eller i overskrifta.
Avslutning av ein tekst med overskrifta: «Kjærleik for viderekomne».
Eg har valt å sjå denne filmen som ein hyllast til kjærleiken. Ikkje berre den tradisjonelle kjærleiken mellom mann og kvinne, men den altomfattande kjærleiken til dei rundt oss, familie, vener, og kjærastar. Som tittelen seier: Kjærleik for viderekomne.


Henta frå Lærer Anitas blogg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar