![]() |
Bilde henta frå: http://www.hvabehager.no/assets/4d58f604cfcec63293000014/Spr%C3%A5k%20tekst%20p%C3%A5%20nett.png |
Her kjem oppgåva vi skal jobbe med framover:
Du skal velje ei av oppgåvene under. Fram til fagdagen den 23.november, skal du ha førebudd deg sånn at du på sjølve fagdagen skal nytte tida til å skrive ein best mogleg artikkel.
Oppgåver:
- Gjer greie for dei grammatiske særdraga ved norsk språk, jamført med andre språk.
- Gjer greie for omgrepet «språk». Gi døme som underbyggjer dei omgrepa du bruker.
- Diskuter påstanden: «Fleirspråklegheit er ein ressurs både for samfunnet og den enkelte».
Krav til oppgåva:
Teksten skal skrivast som ein artikkel og presenterast som ein hypertekst på www.blogger.com.
I teksten skal det vere minst sju peikarar til minimum to forskjellige typar nodar.
Teksten skal ha ein tittel og den skal delast inn i avsnitt med mellomtitlar for kvart avsnitt.
Krav til utforming: Konsekvent bruk av skrifttypar og hensiktsmessig bruk av farger og bildar.
Læreplanmål som er relevante i forhold til denne oppgåva:
Elevane skal kunne:
· Forklare fleirspråklegheit og gi eksempel på korleis språkleg og kulturell samhandling kan vere med og skape språklege endringar og kulturelt medvett.
· forklare grammatiske særdrag ved norsk språk, jamført med andre språk.
· bruke eit bred register av språklege verkemiddel i eiga skriving i skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og på nynorsk.
· meistre ulike skriverollar som fins i skolen sin offentlegheit og i samfunns- og arbeidsliv
· bruke digitale verktøy til presentasjon og publisering av egne tekstar
· kombinerer munnlege, skriftlege, visuelle og auditive uttrykksformer i framføringar og presentasjonar.
· hente, vurdere og anvende fagstoff frå digitale kjelder i munnleg og skriftleg arbeid
Eg ser fram imot å lese tekstane dykkar!
Lykke til! :)
Luuver bloggen din pusz <333333
SvarSlettxoxo torgypuzzzen ;*